Sogn Opportunity er eit mentor- og leiarutviklingsprogram for innvandrarar i Sogn. Målgruppa er innvandrarar med høgare utdanning som ønskjer å bruke kompetansen sin i arbeidslivet. Tiltaket skal gje auka arbeidsdeltaking og skal på sikt bidra til at fleire innvandrarar tek leiande posisjonar i arbeidslivet og samfunnet for øvrig. Samarbeidspartar er blant anna Bergen Opportunity (Bergen næringsråd), Vestland fylkeskommune (REGALE, karriererettleiar), NAV region Sogn og mange bedrifter i Sogn.

Programmet går over eitt år og tilbyr faglege samlingar i tillegg til jamleg mentoroppfølging. Formålet er å gje innvandrarane ny kompetanse, utvida nettverk og verdifull mentoring som skal vera karrierefremjande. Mentorane er toppleiarar i Sogn. Ein ringverknad er at leiarane også aukar sin kompetanse på mangfaldsleiing, og dei får innblikk i den kompetansepoolen som deltakarane representerer.

Vi har stor tru på at Sogn Opportunity løftar fram rollemodellar med fleirkulturell bakgrunn og styrker regionen sin posisjon som meir mangfaldig og inkluderande, noko vi veit er viktig for å auke tilflytting til regionen. Mangfald i leiargrupper, og i organisasjonar elles, bidrar til verdiskaping gjennom betre prosesser, meir kreativitet og betre evne til å tiltrekke seg høg kompetanse og utvikle Sogn!

Kontaktperson: Eirin Kormeset