Torsdag 24. oktober vart det arrangert fagsamling for mentorbedrifter, mentorar og aktørar som arbeidar med mentoroppfølging i Sogn. Vi fekk høyra spanande bidrag som på ulik måte sette fokus på mangfald og arbeidsinkludering. Victor Aguiar tok oss med på si reise frå Madeira til Sogn. Ei historie som ga oss eit innblikk i kva utfordringar Victor møtte som ny i Sogn, og kva moglegheiter som kan vekse fram gjennom inkludering. Anna Hamre frå Distriktssenteret snakka om levande og attraktive lokalsamfunn. Heidi Myrvold frå NAV Arbeidslivssenter løfta fram Mentorprogrammet og mentorrolla, og viktigheita av å skapa eit inkluderande fellesskap. Ane Bergersen frå HVL gav oss ei inspirasjonsøkt om temaet kulturell forståing og interkulturell kommunikasjon. Slavik delte si histore, som flykning frå Ukraina, til å bli ein viktig ressurs i Flykningtenesta og samfunnet i Sogndal. Han formidla viktigheita av å møta flyktningar med åpenheit, vera imøtekommande og visa lojalitet. Det var ei fin samling med mykje godt innhald, og ein arena der mentorane i Sogn fekk dela erfaringar.
Mentorprogrammet er eit samarbeid med NAV Arbeidslivssenter og vert finansiert av Vestland fylkeskommune.