Sogn for alle søkjer deltakarar og mentorar til Sogn Opportunity.
Har du fleirkulturell bakgrunn og høgare utdanning eller fagbrev, og ønskje om å gjera karriere i tråd med utdanning og ambisjonar? Då kan Sogn Opportunity vera noko for deg!
Programmet går over eitt år og har til saman åtte fagsamlingar. Ein har mentorsamtalar ein gong per månad.
Eller kan du tenkja deg å vera mentor for ein deltakar i programmet? Som mentor gir ein støtte, hjelp og rettleiing. Ein kan også bidra til større mangfald og kompetanse i arbeids- og næringslivet i Sogn. Å vera mentor kan i tillegg bidra til eiga utvikling.
Ønskjer du å vera deltakar eller mentor i Sogn Opportunity? Ta kontakt med arbeidslivsrettleiar Eirin Kormeset i Sogn for alle, tlf. 92444702 eller e-post eirin.kormeset@sogndal.kommune.no
Sogn Opportunity- eit mentor og karriereprogram for innvandrarar