Gjennom prosjektet Sogn for alle tilbyr vi mentoropplæring til bedrifter i Sogn for å vidareutvikle inkluderingskompetanse. Kurset er for dei på arbeidsplassen som tek i mot, gir opplæring og støtte til personar som er nye i det norske arbeidslivet.
Ein mentor er den gode kollegaen som får og tek ansvar når det kjem nye på arbeidsplassen. Utviklar bedrifta gode mentorar, vil det gje ein god start på eit arbeidsforhold.
Programmet består av fem samlingar frå januar til mai 2024. Samlingane vert i Sogndal og er gratis. Vestland fylkeskommune finansierer programmet.
Vi håpar de vil melda bedrifta dykkar på.
For meir informasjon og påmelding ta kontakt med arbeidslivsrettleiar Eirin Kormeset på tlf 924 44 702 eller på e-post eirin.kormeset@sogndal.kommune.no
Vi ønskjer oss fleire mentorbedrifter og mentorar i Sogn!