Mentorprogram 2022/23

Vi tilbyr mentoropplæring til bedrifter i Sogn som ønskjer å utvikle inkluderingskompetanse.

Tema er kulturforståing og kulturforskjellar, arbeids- og språktrening, kommunikasjon og system for oppfølging. Deltakarane vil vere med å gje innhald til programmet som krev aktiv deltaking og deling.

Ein mentor er ein læremeister, det er den gode kollegaen som får og tek ansvar når det kjem nye på arbeidsplassen. Dei fleste arbeidsplassane har tilsette som lett tek denne rolla. Mentorprogrammet er eit fint tilbod til dei. Det er ein føremon om deltakarane har noko erfaring med å ta i mot og ha oppfølging/opplæring av nytilsette.

Utviklar bedrifta gode mentorar vil det gje ein god start på eit arbeidsforhold. Ved å delta i programmet bidreg bedrifta til eit meir inkluderande og mangfaldig arbeidsliv.

Programleiar Heidi Elisabeth Myrvold, Nav arbeidslivssenter og Jeanette Walsvik, Sogn for alle, er ansvarlege for programmet. I tillegg kjem arbeidsgjevarar, flyktningtenesta og mentorar og fortel om jobben dei gjer for å inkludera på arbeidsplassen. Vi får også høyre innvandrarar som fortel om deira opplevinga av å bli tatt imot i norsk arbeidsliv.

Programmet som består av fem samlingar, startar opp 27. oktober 2022 og siste samling er 2. mars 2023. Vestland fylkeskommune og Sogn regionråd finansierer programmet.

Samling 1: 27. oktober 9-14 Å vere mentor i arbeidslivet
Samling 2: 23. november 9-14 Kulturforståing og kulturforskjellar Det norske arbeidslivet
Samling 3 og 4: 5.- 6. januar Lunsj til lunsj samling Arbeidstrening og språktrening Norsk som framandspråk
Psykisk helse og arbeid Handtering av vanskelege situasjonar
Samling 5: 2. mars 9-14  Kommunikasjon System for oppfølging

Interessert?

For meir informasjon kontakt prosjektleiar Jeanette Walsvik, tlf. 900 76 139.

Påmelding til jeanette.walsvik@sogndal.kommune.no. Før på namn, bedrift, e-post, telefonnummer og namn på leiar.

Les meir om programmet

Mentorprogram 2022/23

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *