Samarbeid om inkludering i Sogn

Sogn for alle er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane i Sogn. Vi ønskjer at fleire innvandrarar blir buande i regionen. Gjennom prosjektet vil vi bli betre på å nytte innvandrarar som ressurs i næringslivet og lokalsamfunnet. Vi skal arbeide meir heilskapleg og styrke samarbeidet på tvers av offentleg, privat og frivillig sektor. Å få folk til å bli verande i Sogn er den viktigaste demografiske faktoren vi har å spele på.

Prosjektet er finansiert av Vestland fylkeskommune og kommunane.

Sjå filmen om kva bli-faktorane betyr for dei som har flytta til Sogn

Sjå filmen her!

Nyhende

Godt fagleg innhald på Mentor 2.0 05.11.24 by Eirin Kormeset - Torsdag 24. oktober vart det arrangert fagsamling for mentorbedrifter, mentorar og aktørar som arbeidar med mentoroppfølging i Sogn. Vi fekk… Les meir
Fjerde mentorprogram er godt i gang 04.06.24 by Eirin Kormeset - Prosjektet Sogn for alle i samarbeid med NAV Arbeidslivssenter er godt i gang med fjerde runde med Mentorprogrammet. I år… Les meir
Sogn Opportunity- eit mentor og karriereprogram for innvandrarar 24.04.24 by Eirin Kormeset - Sogn for alle søkjer deltakarar og mentorar til Sogn Opportunity. Har du fleirkulturell bakgrunn og høgare utdanning eller fagbrev, og… Les meir
Vi ønskjer oss fleire mentorbedrifter og mentorar i Sogn! 08.11.23 by Eirin Kormeset - Gjennom prosjektet Sogn for alle tilbyr vi mentoropplæring til bedrifter i Sogn for å vidareutvikle inkluderingskompetanse. Kurset er for dei… Les meir

Nyhendearkiv

Sogn for alle

Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Ei vellukka integrering vil kreve innsats og samhandling frå offentleg og privat næringsliv og frivillig sektor.